Skyss førebur nye kontraktar for Bergensområdet, dvs. i Bergen kommune, Osterøy, Os, Austevoll, Askøy og Øygarden. Ruteområdet er i dag inndelt i 4 kontraktsområder med til saman om lag 600 bussar. Driftsoppstart for kontraktane er ikkje fastsett enno, men vil skje i perioden 2028-2032.
Skyss er no i gang med å vurdere kva vognkrav og vogntypar som er hensiktsmessig på dei einskilde linjene i områda. I dette arbeidet er det fleire omsyn som er relevant, mellom anna omsynet til frakt av bagasje. For at Skyss skal kunne stille fornuftige krav til vogntype og eventuelle krav til frakt av bagasje, har vi behov for meir informasjon om kva bagasjeløysingar som er mogeleg å få til på busser klasse I og II (låggolv og lågentre).
Skyss håpar med dette at marknaden har mogelegheit til å kome med innspel og relevant informasjon knytt til kva bagasjeløysingar som er mogelege, og kva praktiske og økonomiske konsekvensar desse løysingane vil kunne gje. Med bagasje meiner vi koffert, ryggsekk, ski og sykkel.
Føresetnadane for spørsmåla er dette:
- Alle bussar innfrir standardkrava i Bus Nordic 2023
- Alle bussar skal ha eit fleksområde på 180 cm., med tillegg av tre klappsete med setebelte*
- Alle løysingar skal vere sjølvbetent for passasjer, utan innblanding frå sjåfør
Spørsmål:
- Vil det vere mogeleg å montere hattehyller i vogntypane nemnd ovanfor?
o Kor mykje bagasje vil slike hattehyller kunne oppbevare (volum og vekt)?
o Kva vektbegrensningar vil hattehylla ha?
- Dersom det vert stilt krav til hattehyller skal kunne oppbevare 1 kolli bagasje på 30x40x20cm., per 2. sete:
o Kor mange tal sete vil bussen ha?
o Kva konsekvensar vil dette ha for t.d. høgd under taket ?
o Kva meirkostnader vil det gje?
- Kva andre bagasjeløysingar finst for forsvarleg sikring av bagasjen under reisa?
o Kor mange tal sete vil bussen ha?
o Kva meirkostnader vil slike løysingar gje?
o Vil slike løysingar krevje nokon ekstra godkjenning frå offentlege mynde?
- Har de andre innspel til løysingar som ikkje vert foreinlege med føresetnadene over, ønskjer vi gjerne tilbakemeldingar/forslag frå dykk.
* Dersom klappsete ikkje kan tilbys i kombinasjon med foreslått sikringsutstyr, ønskjer vi tilbakemelding på om klappseta ved slike løysingar må fjernast.
Vi ber om at informasjon om innspel vert sendt inn via Tendsign eller per e-post til jannike.fredin@skyss.no innan 19. November 2025.
På førehand – tusen takk, vi set stor pris på dykkar innspel!